top of page
Musikk - Inspirasjon - Uttrykk - Refleksjon - Dokumentasjon
 

Gamalt innlegg om idol og førebilete

  • Writer: Gunhild Aa. Rolfsnes
    Gunhild Aa. Rolfsnes
  • Oct 5, 2022
  • 4 min read

Updated: May 15, 2024

For nokre år sidan skreiv eg dette innlegget på verdidebatt (ei side som var drive av avisa Vårt Land). Dei skal no legge ned sida og overføre til vl.no, men ikkje alle innlegg vert overført. Eg las innlegget igjen i dag- og vart egentlig ganske overraska over at det ikkje var så verst. Så for å ta vare på det så legg eg det her. Det var ei tid at eg skreiv meir. Kanskje eg skal starte med det igjen. Dette innlegget handla ikkje om musikk, men om verdispørsmål. Kva er eit førebilete og kven er eit førebilete? På den tida var eg ein tydelegare kristen enn det eg er i dag. Så ein referanse til Bibelen var naturleg å ha med. Eg er ikkje lenger så sikker på om Gud finst, men eg trur likevel Bibelen har mykje visdom og mykje sanning i seg, og eg har framleis tru på tru. Eg vil uansett ikkje vere flau over kvar eg har vore i livet, for alt har forma meg til den eg er her og no. Du kan vurdere sjølv om du synest det er ein god referanse eller ikkje. Berre så det er sagt - i dag ville eg ikkje nevnt kristne og ikkje kristne som om dei er motsetningar. For det trur eg ikkje. Vi er alle menneske om lever her i verda og møter dei same utfordringane på ulikt vis. Her er teksten, frå april 2010:



Foto: Gunhild Aa. Rolfsnes


"Fredagens kommentar i Vårt Land, skrive av Lars Gilberg, sette nokre tankar i sving hos meg om rollemodellar, eller førebilete. Gilberg stiller spørsmål til om idrettsstjerner må ha plettfri moral for å framstå som heltar. Andre heltar, som f.eks. rockemusikarar synest ikkje å ha dei same forventningane til sin livsførsel. Han avsluttar med at han sjølv ikkje har nokon fasit om kva vi kan kreve av andre. Det har vel ikkje eg heller. Men som mor har eg tankar om korleis eg skulle ønske samfunnet var. Og det er vel lov å ønske?


Det er eit interessant spørsmål: Kvifor kan Tiger Woods seksualmoral øydelegge karriera hans medan det kan gjere det motsette for ein rockemusikar? Sjølvsagt synest det urettferdig for idrettsutøvaren, som nok må kjenne på eit enormt forventningspress, eit krav som er vanskeleg - for ikkje å seie umogeleg - å leve opp til. Men er det då rett å seie at idrettsutøvaren må sleppe koblinga mellom talent og moralsk standard? Kva om vi snur på det: også "kreative kunstnere, begavede diktere, gudbenådede malere og tiljublede rockestjerner (sitat Davy Wathne)" burde strebe etter å vere gode førebilete, sidan dei er i media? Kan ein eigentleg velge om ein vil vere eit førebilete eller ikkje?

Det å vere mor gjer meg automatisk til eit førebilete for ungane mine. Men eg vert meir og meir klar over at dei har fleire. Ungane veks opp med heltar og idolar i alle retningar, som på sine ulike måtar vert førebilete. Søsken, eldre ungar, lærarar og andre vaksne vert også førebilete for dei. Og ikkje alle førebileta er gode. Ikkje alle bryr seg om at dei vala dei tek, og dei handlingane dei gjer, har innflyting på andre. Ikkje alle har evne til å tenke over korleis deira liv eller meiningar påverkar miljøet rundt dei. Som mor skulle eg ønske at vi alle kunne vere klar over at vi, rett og slett i kraft av å vere menneske, er førebilete og rollemodellar, anten vi vil det eller ikkje. Anten vi er idrettstjerner, rockestjerner, kristne eller ikkje kristne. Vi har ansvar for å skape eit samfunn som er trygt for barn å vekse opp i. Spørsmålet vert då om vi er gode eller dårlege førebilete, og om vi er medvitne om at vi har eit ansvar for dei rundt oss med dei vala vi gjer. Og kva vil det seie å vere eit godt førebilete?


Kva kan vi forvente av kvarandre? Eg vil gjerne kunne forvente at alle vaksne har eit ønske om å vere eit godt eksempel for alle barn. Om ein er forelder eller ikkje. Eg vil gjerne kunne forvente at vi alle er medvitne om at vi har ansvar. Og at vi alle forsøker det beste vi kan å lære dei som er yngre enn oss om at dette er viktig. Som mor feiler eg stadig i forhold til dei ønske og ideal eg set for meg sjølv. Og ikkje minst i forhold til dei forventningane og behova barna mine har om at eg skal vere ansvarleg vaksen. Men det er korleis eg rydder opp etter meg som avgjer om eg er god eller dårleg mor. Å innrømme at eg har gått over streken, be om tilgjeving, tilgje meg sjølv, og gå vidare og forsøke å gjere det annleis neste gong. Det handlar ikkje om plettfri moral og perfekt livsførsel. Å vere eit førebilete er større enn moral, trur eg. For sjølv om eit menneske bestemmer seg for å leve plettfritt, så vil det garantert feile. Tiger Woods handlar førebiletleg når han ber om tilgjeving for sine feilsteg.


I Bibelen står det noko om å ha ein skatt i sprukne leirkar. Leirkaret er bilete på oss menneske, vi feiler stadig vekk, vi greier ikkje å halde ein perfakt fasade i lengda. Vi har sprekker. Men det betyr ikkje at vi ikkje kan ha retningsliner å leve etter, ideal å følge, som vi kan feile i forhold til. Og når vi sprekk, og er ærlege om det, innrømmer feil, ber om tilgjeving, så skin skatten gjennom.


Å ville vere eit godt førebilete er ikkje berre godt for barna og menneska rundt. Det er først og fremst godt for ein sjølv. Det gjev meining, og mot til å stå på vidare."

Comments


© 2018 by G U R O. Proudly created with Wix.com

bottom of page